© 2018 Talgje Misjonsforsamling

Antall besøkende:

Formål:

Talgje Misjonsforsamling er ei forsamling som har som formål å utbreie Guds rike på Talgje, i Norge og på NLM sine Misjonsfelt. 

 

Talgje Misjonsforsamling vart grunnlag 6 Juni 2018. Forsamlinga høyrer til på Talgje bedehus og er tilslutta NLM og IMF.

Felles verdiar for Talgje Misjonsforsamling (TM)

Desse verdiane gjeld medlemmer og særleg tilsette, styret, mellomleiarar, møteleiarar, leiarar for
song og musikk, leiarar for barne- og ungdomsarbeid, talarar og dei som held andakt.
”Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i
kjærleik, truskap og reinleik.” 1. Tim 4:12


Basis
Talgje Misjonsforsamling er ei evangelisk luthersk forsamling. Vi vedkjenner oss til den apostoliske
kristne tru, som har Guds åpenbaring i Bibelen som grunnlag. Vi ser på Bibelen som Guds ord til oss,
og det må vere den som avgjer kva vi trur og korleis vi lever.
Som medlem og medarbeidar i Misjonsforsamlinga ventar vi at du deler trua vår og ønskjer å leve eit
liv som er i samsvar med Guds vilje slik ho kjem til uttrykk i Bibelen. I forsamlinga gjer du ei teneste
både for Gud og menneske. Du er eit forbilde for andre og ein representant for forsamlinga.


Verdiar for tilsette, frivillige og medlemmer i Misjonsforsamlinga
Inkluderande og respekterande medarbeidarar
Alle menneske kjem til kort når det gjeld å leve som ein kristen. Forsamlinga er eit fellesskap av
tilgjevne syndarar og ikkje eit fellesskap av dei heldige og vellukka som klarer seg på eiga hand. Det er
derfor viktig å understreke at alle er velkomne til Jesus med liva sine og dermed også i forsamlinga.
Som medarbeidar i TM ønskjer vi å inkludere deg i eit trygt fellesskap der vi tek vare på kvarandre, og
støtter og tilgir kvarandre i møte med synd og nederlag i livet.
Alle menneske er skapt og elska av Gud, og vi skuldar å møte alle våre medmenneske med respekt,
også menneske med anna tru og haldningar enn dei vi har sjølve. Bibelen er særleg oppteken av dei
som fell utanfor og er sårbare i samfunnet, og som kristne har vi eit ekstra ansvar for å møte desse
med kjærleik og respekt. Bibelen lærer oss også respekt for skaparverket som vi har fått ansvar for å
ta vare på og forvalte.


Å falle i synd og å leve i synd
Å falle i synd er å gjere mot Guds vilje. Alle kristne vil oppleve ein kamp mot ulike freistingar, og
oppleve at dei ikkje klarer å leve etter Guds vilje. Det er derfor vi er kristne - vi treng nåde og
tilgjeving. Gud ønskjer at vi skal leve ope og i oppgjer med synda, slik at vi vedkjenner oss den og får
tilgjeving.
Men dersom ein kristen vel å ikkje leve i lyset, men aksepterer synda, då forkastar vedkomande også
Guds ord som autoritet og Gud som Herre i livet. Det er dette som er å leve i synd. Derfor er det slik
at om ein medarbeidar i Misjonsforsamlinga ikkje lenger ønskjer å ta eit oppgjer med det som
Bibelen kallar synd, og ikkje er villig til å innordne livet sitt i samsvar med Bibelen si lære, så vil ikkje
dette vere i samsvar med å ha ei teneste i Misjonsforsamlinga. Det avgjerande er haldninga til Guds
Ord som autoritet for liv og lære.
Når vi som kristne kjempar med synd eller utfordringar i trua, er det mogleg å søke hjelp hos nokon i
leiinga i forsamlinga eller hos andre kristne vi stoler på. Gjennom samtale, vedkjenning og ved å ta
ansvar, kan vi hjelpe kvarandre til å leve i lyset med frimod og integritet.

 

Konkrete retningsliner

Sex og samliv
Bibelen lærer at seksuallivet er ei gåve som høyrer heime i ekteskapet. Likevel er det mange
som vel å flytte saman før dei er gifte. Bibelen seier at sambuarskap ikkje er i samsvar med
ein kristen livsstil. Det same gjeld homofilt samliv. Vi forventar at medlemmene og
medarbeidarane våre lever etter det kristne idealet også på desse områda. Dersom ein
likevel vel å gå inn i eit forhold som strir mot dei verdiane som alle våre medarbeidarar er
forplikta på, må ein avslutte oppgåva si i forsamlinga.
Alle medarbeidarar i Misjonsforsamlinga har plikt til å respektere seksuelle grenser. Vi
ønskjer å unngå alle seksuelle krenkingar og grenseoverskridande oppførsel. Om slike ting
vert oppdaga, er medarbeidarane forplikta til å rapportere direkte til styreleiar. (Som
rapporterer vidare til generalsekretær i NLM/IMF.)


Alkohol og rus
Misjonsforsamlinga skal vere ein rusfri arena. Som medarbeidar i Misjonsforsamlinga vert det
forventa at du ikkje nyttar noko former for rusmiddel i samband med di rolle som medarbeidar og på
arrangement i regi av forsamlinga. Bibelen talar klart om at fyll og utsvevande festing ikkje er
foreinleg med kristen tru. Som medarbeidar i Misjonsforsamlinga forventar vi at du lever i samsvar
med dette, ikkje berre når du er i forsamlinga.
I ei forsamling vil det truleg vere ulike syn på korleis ein praktiserer, og i kva grad ein vel totalavhald
eller måtehald, når det gjeld alkohol. Vi ønskjer at medarbeidarane våre viser respekt for ulike
haldningar og praksis så lenge desse ikkje går på akkord med det Bibelen seier.


Sosiale medier
Ver bevisst og tenk på rolla di som forbilde og representant for Misjonsforsamlinga ved bruk
av sosiale medier. Også på denne arenaen har vi eit ansvar for å vere gode forbilde.

Språkbruk og baktale
I Misjonsforsamlinga ønskjer vi å skape eit godt kristent fellesskap. For å gjere det er det viktig at vi er
bevisste på korleis vi snakkar til og om kvarandre. Bibelen oppfordrar oss til å gi ros og positive
tilbakemeldingar til kvarandre. Vi skal også vere ærlege og snakke sant, og det skal vere rom for
konstruktiv kritikk. Når vi omtalar meiningsmotstandarar eller personar som ikkje deler trua vår eller
synspunkta våre, skal vi gjere det med respekt, omtanke og vere sakleg. Alle former for hets av
personar eller grupper er uakseptable. Bibelen er tydeleg på at baktale er ei alvorleg synd, og som
medarbeidar i Misjonsforsamlinga har du eit særleg ansvar for å ta eit oppgjer med alle former for
baktale.

Å vere til å stole på – og vere presis
Som fellesskap er vi avhengige av kvarandre. Vi har gåver og oppgåver som vi skal tene kvarandre
med. Det er viktig at andre kan stole på at vi stiller opp og utfører dei oppgåvene vi har teke ansvar
for. Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal sjå verdien av å møte presis, og å stille opp som avtalt så
sant ikkje sjukdom eller noko anna viktig kjem i vegen.
I ei forsamling forvaltar ein store pengesummar. At desse vert handsama på ein sikker og god måte
er viktig, slik at ingen vert sett i ein situasjon der freistinga kan verte for stor.
Alle medlemmer og medarbeidarar i Misjonsforsamlinga har eit ansvar for fellesskapet. Vi har eit
ansvar for å sjå og ta vare på andre i forsamlinga, for å behandle utstyr og eigedom på ein god måte,
og for å gjere det vi kan for at forsamlinga skal vere ein god stad å vere.

Vedtekter for Talgje Misjonsforsamling


 

§ 1.0 Namn

   

Misjonsforsamlinga sitt namn er Talgje Misjonsforsamling (TMF).

 

§ 2.0 Vedkjenning og tilhøyring

 

Misjonsforsamlinga står tilslutta Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Region Sørvest, og

Indremisjonsforbundet (ImF), ImF Rogaland krets. Forsamlinga er forplikta på Bibelen, den evangelisk lutherske kyrkja si vedkjenning, NLM og IMF sine grunnreglar.

 

§ 3.0 Formål

 

3.1 Misjonsforsamlinga sitt formål er å utbreie Guds rike på Talgje, i Norge og på NLM sine misjonsfelt.

 

3.2 For å realisere dette (3.1), vert det primært sett fokus på fylgjande:

  • Regelmessig møteverksemd med tilbod til ulike aldersgrupper

  • Utadretta arbeid i nærmiljøet for å vinne menneske for Jesus

  • Forkynning til vekking, omvending og fornying

  • Informasjon om NLM/IMF si misjonsverksemd

  • Nådegåvebasert teneste

  • Givarteneste

  • Fellesskap og omsorg

  • Nattverd, dåp, konfirmasjon, gravferd og ekteskapsvelsigning.

  • Danning og styrking av foreiningar, grupper og husfellesskap

  • Trusopplæring for barn, ungdom og vaksne

  • Leiartrening

 

§ 4.0 Medlemskap

 

Medlemskap i Misjonsforsamlinga kan teiknast av personar som:

1. Vedkjenner seg den kristne trua og er døypte i Den Treeinige Guds namn

2. Vil støtte opp om den læremessige basis og dei formål og vedtekter som kjem

til uttrykk i NLM/ImF sine grunnreglar og Misjonsforsamlinga sine vedtekter.

3. Vil seie seg einig i og støtte opp om dokumentet «Felles verdiar for Talgje Misjonsforsamling.» (Vedlagt vedtektene)

3.  Betaler medlemskontingent fastsett av styret i forsamlinga.

4. Sjølvstendig medlemskap fylgjer stemmerettsalderen på 15 år.

5. Dersom eit medlem lever i strid med Guds ord skal vedkommande konfronterast i samsvar med Matteus 18, 15.-18. Vil medlemmet ikkje vende om frå synda si, vil det føre til tap av tillitsverv og rett til nattverdsfellesskap.




 

§ 5.0 Årsmøte

 

5.1 Misjonsforsamlinga sitt årsmøte bør haldast så tidleg som mogleg på nyåret, seinast

innan utgangen av mars.

 

5.2 Stemmerett på årsmøtet har alle medlemmer som har fylt 15 år, og som har vore

medlem i forsamlinga minst dei tre siste månadene.

5.3 Årsmøtesaker:

1. Årsmelding og revidert rekneskap

2. Val

a. Styre med varamedlemmer

b. Revisor

3. Samtale om arbeidet i året som gjekk. Drøfting av visjon, målsetjingar og misjonsprosjekt. Diskusjon av arbeidsplan vidare framover.

 

5.4 Saker som skal behandlast på årsmøtet, må vera kunngjort på vanleg måte og minst tre veker før årsmøtet skal haldast. Saker som medlemmer ønskjer å ta opp, må meldast til styret minst ein månad før årsmøtet. Saker som medlemmer legg fram seinare eller på sjølve årsmøtet, må ha ⅔ fleirtal av gitte stemmer for å verta vedteke.

 

5.5 Styret kan sjølv, eller etter ynskje frå minst 10 medlemmer, kalla inn til ekstraordinært

årsmøte med minst tre vekers varsel.

 

§ 6.0 Styret

 

6.1 Misjonsforsamlinga vert leia av eit styre på fem medlemmer. Styremedlemmene

forpliktar seg til å arbeida på den læremessige basis og etter dei formål og vedtekter som

kjem til uttrykk i NLM/ImF sine grunnreglar og Misjonsforsamlinga sine vedtekter.

Styret konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem.

Valperioden for styremedlemmene er to år. Leiar i styret vert valt for eitt år om gongen.

Styret har minst to varamedlemmer som blir valde for eitt år om gongen.

 

6.2 Misjonsforsamlinga sitt styre har ansvar for å leie arbeidet i samsvar med NLM/ImF sine

grunnreglar, og etter dei strategiar og vedtak som er gjort av årsmøte, krets/regionmøte,

generalforsamling og hovudstyre.

 

6.3 Styret er ansvarleg for at dei midla som vert samla inn til NLM/IMF, vert forvalta og underlagte ei rekneskapsføring som er i samsvar med gjeldande økonomireglement.

 

6.4 Styret utarbeider oppgåvelister i forskjellige kategoriar som medlemmer i forsamlinga kan melde seg på i. Oppgåvelister kan gå på å arrangere møte, diakoniteneste, barnemøte, plakatskriving, musikk og liknande.

 

6.5 Styret førebur Misjonsforsamlinga sitt årsmøte og legg fram sakliste, årsmelding, revidert

rekneskap, arbeidsplan og eventuelt andre saker. Styret fungerer som valnemnd.

 

6.6 Styret kallar inn til medlemsmøte etter behov.

 

6.7 Styret står fritt til å invitere andre organisasjonar og einskildpersonar til å ha møte i regi av forsamlinga.

 

6.8 Styret for Misjonsforsamlinga tilrår for regionstyret når/dersom dette skal tilsetja

arbeidarar med fast plassering i Misjonsforsamlinga. (Jf. Gjeldande tilsetjingsprosedyre i

NLM).

 

6.9 Forsamlinga står under tilsyn av representantar for NLM og IMF. Det vil bli utført løpande tilsyn ved representantar for desse organisasjonane. Det skal haldast eit årleg møte saman med representantar frå NLM/IMF.

   

§ 7.0 Økonomi

  • Målet må vere at flest mogleg teiknar seg for fast givarteneste, der ein sjølv kan velja kva for ein organisasjon gåva skal gå til. Allereie etablerte «kjærleiksforhold» bør ikkje brytast.

  • Kollektar på møta skal dekkje utgifter til lokale og eiga verksemd. Overskotet av kollektar skal kvart kvartal styret dele mellom eigarorganisasjonane. Ein bør fordele prosentvis i forhold til kvar predikantane har kome frå.

  • Predikantar som er inviterte frå samanhengar utanfor NLM/IMF, bør som regel få med seg heile nettokollekten til sin organisasjon.


 

§ 8.0 Endring av vedtekter

8.1 Endring av desse vedtektene kan vedtakast på årsmøtet med ⅔ fleirtal når forslaget er

sendt inn til styret minst to månader før årsmøtet. Paragrafane 2.0 og 3.1 kan ikkje endrast av Misjonsforsamlinga med mindre regionstyret/kretsstyret, hovudstyra eller generalforsamlingane i NLM/ImF opnar for det. Endringar i vedtektene skal godkjennast av regionstyret i NLM/kretsstyret i Rogaland ImF.

 

8.2 Endring av Misjonsforsamlinga sine grunnreglar må ikkje koma i strid med grunnreglane

for Norsk Luthersk Misjonssamband/Indremisjonsforbundet.

8.3  Dersom det oppstår problemstillingar som ikkje er nedskrivne i forsamlinga sine vedtekter, og som ikkje lar seg løyse i organa til forsamlinga, skal regionleiar i NLM og/eller leiar i IMF involverast. Dersom det er problemstillingar som ikkje lar seg løyse, er det NLM sitt lovverk som skal gjelda.

 

§ 9.0 Oppløysing av forsamlinga

9.1 Forsamling kan oppløysast dersom minst to tredjedelar av røystene på to påfylgjande ordinære årsmøte stemmer for det. Eigedom og midlar som tilhøyrer forsamlinga ved tidspunktet for oppløysinga, skal gå til eit føremål i NLM/IMF slik det siste av dei to årsmøta bestemmer.

  • White Facebook Icon