top of page
< Tilbake
Lagre
Lagret!
I kong Davids by det hende som profeten hadde sagt. I ein stall og i ei krubbe vart eit barn til kvile lagt. Barnet var Guds sanne ord, møy Maria var hans mor. La oss gå til dette barnet som er Gud og Herren vår. Han kom ned frå høge himmel, ville dele våre kår. Alt det ringe og det svake vil han nådig til oss take. Her på jorda barnet levde. Dag for dag han vaks lik oss. Heldt seg saman med det lave. Døden fann han på ein kross. Fridde seg or dødens makt, og stod fram i guddoms prakt. Våre auge snart skal sjå han når vi møter han til sist. For det vesle barn i krubba er vår Herre Jesus Krist. Her ifrå han tek oss brått, fører oss dit han har gått. Ikkje i ei ussel krubbe, bunden under jordisk band, -men i himlen skal vi sjå han, ved Gud Faders høgre hand. Kringom han i kvitt vi står, alle som fekk barnekår.
Forrige
Neste
Slett sang
bottom of page