top of page
< Tilbake
Lagre
Lagret!
Gled deg, du Kristi brud, og møt din Herre Gud! No kjem han, rik på nåde, som deg proften spådde. Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere! Med fryd og glede gå eit fagert syn å sjå: Ein hovding høg i heider som deg til livet leier! Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere! Eit esel honom ber som heimsens Herre er. Hans skapnad, den er ringe, men han kan døden tvinge. Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere! Han kjem så mild og god, han gjev dei veike mod, for han sitt folk vil frelse, si brud med fagnad helse. Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere! Gjer porten høg og vid, sjå Kristus til deg rid! I dag vil han deg gjeste og til si brud deg feste. Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere! Strø greiner der han rid, brei klede der han skrid! Guds folk, sving sigerspalmar og syng no jubelsalmar! Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere! Og alle borna små med song mot han skal gå. Og alle folkeskarar dei jublar høgt og svarar: Hosianna! Lov og ære vår konge evig vere!
Forrige
Neste
Slett sang
bottom of page