top of page
< Tilbake
Lagre
Lagret!
Ei krubbe var vogga som venta han her, det vesle barn Jesus, vår Frelsar så kjær. Men stjernene lyste så vismenn fekk sjå det vesle barn Jesus på leiet av strå. Så enkelt og stille kom Gud til vår jord, så høgt er eg elska av Jesus, min bror. Han kom frå Guds himmel, Gud sjølv var han lik, men Jesus var fattig og eg er blitt rik. Frå krubba til krossen gjekk vegen for deg, slik opna du porten til himlen for meg. Velsign oss, ver med oss, gje ljos på vår veg, så alle kan samlast i himlen hjå deg.
Forrige
Neste
Slett sang
bottom of page